Kort-kaos

Kort prosess: Redaktør Arne H. Krumsvik i AOPA.no klar for flytur.

Kort prosess: Redaktør Arne H. Krumsvik i AOPA.no klar for flytur.

I dag må eg ha fem kort for å kunne ta i bruk rettane som ligg i flysertifikatet mitt. Må det vere slik?

CREW-kortet rekvirert av AOPA gir meg tilgang til Avinor-flyplassar over heile landet. På mange av dei mindre flyplassane kan eg låse meg inn sjølv ved å bruke kortet. Men for å kunne lande etter stengetid, må eg ha det nye PFLY-kortet. Det er eit kort som gir meg lov til å lande og ta av, men ikkje å gå inn eller ut av flyplassen. Delvis eit stort framsteg, men altså nærast verdilaust åleine. I tillegg må eg ha GM-kort til både meg sjølv, kona sin bil og min eigen motorsykkel for å kunne fly dei fine flya til Gardermoen Flyklubb.  Altså totalt fem kort.

Det er sikkert gode grunnar til at kvart enkelt kort måtte skrivast ut kvar for seg. Men det kjennes meiningslaust å måtte gå rundt som eit juletre for å gjort det same som eg for kort tid sidan kunne gjere med eit einaste kort rundt halsen: Det var med stor stoltheit eg mottok det første MM-kortet rekvirert av AOPA i 2006. Rettane i GM-kortet mitt vart også lagt inn i det nye kortet. Men så kom kortinflasjonen. Først to kort. Så fem kort. Alt for å kunne ta i bruk rettane som ligg i flysertifikatet. Er dette kort-toppen? Kan nokon gjere kort prosess og snakke saman?

Arne H. Krumsvik, PPL/CRI(A)

Advertisements
Dette innlegget ble publisert i Myndighetskontakt. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s